Lån av utstyr

Lån av utstyr

Me har eit samarbeid med Frilager om utleige av fritidsutstyr. Du kan låne alt frå ski og hengekøyer til stormkjøkken og SUP. 

Frilager skiller mellom aktivitetsstader og hentestader.

Aktivitetsstader

Frilager har plassert utstyr og gapahuker på 21 aktivitetssteder i Sør-Rogaland. Dette er utstyr som passar til området og årstida. Eit eksempel er kanoar om sommaren og ski om vinteren.

I Hjelmeland har me to aktivitetsstader:

  • Steinslandsvatnet - kanoar 
  • Hjelmelandsvågen - kanoar

Oversikt over aktivitetsstader på Hjelmeland og Nord-Jæren.

Hentestader

I Hjelmeland er det satt opp ein trebod på parkeringsplassen i Hjelmelandsvågen. Her blir utstyret du eventuelt bestiller frå nettsida levert om du velger hentestad "Hjelmelandsvågen". 

Bestill eller sjå utstyr som er tilgjengeleg.

Du kan bestille utstyr på aktivitetsstader eller du kan bestille utstyr frå det store nettlageret.

Bestiller du utstyr frå nettlageret får du fleire valg for hentestad når du trykker «gå videre» frå handlekorga. Det er gratis å bruke hentestadene, og du leverer utstyret tilbake på same stad etter bruk. Kodelås til døra får du på e-post dagen før henting.

Utstyr frå nettlageret må du bestille to dager før du skal bruke det. 

Registrering

For å kunne bestille utstyr på frilager.no må du vera registrert som brukar.

I første omgang registrerer du deg som privatperson, deretter vil du få moglegheita til å knytte deg opp mot ein frivillig organisasjon eller bedrift. Du kan ha ein privat brukar og likevel vera knytta opp mot både arbeidsplassen din og ein eller fleire frivillige organisasjonar. Desse byttar du mellom inne på mi side etter kven du lånar på vegne av. Det står under namnet ditt oppe i høgre hjørne kven du bestill på vegne av. Pass på at du vel riktig rolle for den aktuelle bestillinga.

Mange bedrifter og frivillige organisasjonar er allereie registrerte hos oss. For å registrere ein ny bedrift, eit lag eller organisasjon må den ha eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret.

Prisar og betaling

For å sjå riktig pris er det viktig at du loggar deg inn med riktig brukartilknytning. Dersom du ikkje er innlogga visar systemet prisen for privatpersonar.

Privat brukar betaler med kort når dei reserverer utstyr. Bedrifter kan betale med kort eller faktura. 

Alle som trenger gratis utstyr, får dette gjennom vårt samarbeid med kommunen.
Skular og barnehagar får låne utstyret gratis. Husk at det vil bli generert en faktura, men denne skal IKKJE betalast. Denne er allereie betalt av kommunen.

Utlånstid

Du kan minimum bestille utstyr for eit halvt døgn og maksimum for 3 veker.

Døgnet er delt frå kl. 7:00 – 16:00 og frå kl. 16:00 – 23:00. På denne måten kan for eksempel ein skuleklasse padle kano på dagtid og ein familie ta seg ein padletur om ettermiddagen.

Utstyr kan bestillast 3 månadar fram i tid.

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 40 43 91 55