Seniortaxi

Er du over 65 år? Skal du ut på tur, men har ikkje høve til å køyra sjølv?

Om turen går til venebesøk, arrangement, butikkar eller andre formål innanfor Hjelmeland kommune, kan du nå bestilla Seniortaxi på 915 39 703 og betala maks 100 kroner for ein tur.

Reglane ser slik ut: 

  • Seniortaxi kan nyttast av eldre over 65 år. Vilkåret er at dei ikkje har høve til å køyre sjølv, og at ingen andre i husstanden kan. Ordninga gjeld ikkje for eldre som har TT-kort.
  • Ordninga gjeld berre innanfor Hjelmeland kommune.
  • Seniortaxi kan ikkje nyttast til reiser der det offentlege dekker transport gjennom andre ordningar.
  • Taxisjåførane skal, så langt det let seg gjera, samordna transporten.
  • Taxien køyrer ikkje til nordsida av Jøsenfjorden seinare enn avgangen klokka 00.40.
  • Eigenbetalinga er kr 100 pr tur/person uavhengig av distanse.
  • Ordninga blir evaluert innan 30. juni 2023.

Kommunestyret vedtok reglement for ordninga 15. desember 2022.