Spelemidlar

Du kan søke om spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet med stort brukspotensial, samt nærmiljøanlegg.

Kven kan få tilbod? 

Eigaren av anlegget. Du finn retningslinjer på anleggsregisteret si heimeside.

Treng du rettleiing kan du ta kontakt med kulturleiar. 

Slik søker du

Søknad via anleggsregisteret si heimeside.

Søknadsfristen er 10. oktober 2021. 

For seint innkomne søknadar blir avviste. 

Kva skjer vidare? 

  • 15. januar - me skal oversende alle innkomne søknader, samt kommunen sine prioriteringar til fylkeskommunen. 
  • 15. april - fylkeskommunen skal sende over innkomne søknadar og totale søknadsbeløp til Kulturdepartementet.
  • primo mai - departementet gjer greie for og utbetalar fylkeskommunane dei fastsette rammebeløpa for fordeling til søknader
  • 15. juli - fylkeskommunen sitt vedtak i dei einskilte sakene sendast til søkarane. Ei oversikt over vedtatt fordeling blir sendt til Kulturdepartementet. 

Les meir på anleggsregisteret si heimeside.