UngdomstaxiLytt til tekstenStopp avspillingUngdomstaxi er ei skyssordning for deg mellom 13 og 18 år som er busett i kommunen. Publisert14.06.2019 14.48 Reglement Minimum 3 reisande må bruke ordninga pr. tur. Eigenbetalinga er kr. 50. pr tur og pr person, uansett strekning. Gratis for dei med Fritidskortet. Ungdomstaxien kan brukast mellom kl. 07.00 og 00.30. Tidsavgrensninga gjeld ikkje ved offentlege arrangement. Ordninga kan nyttast heile veka. Ordninga kan ikkje brukast til private besøk utanom i helgene og i skulen sine feriar. Ordninga kan ikkje brukast til/frå skulen i skuletida. Ordninga gjeld berre innanfor kommunen sine grenser. Ungdomstaxien køyrer same ruta som skulebussane. Du kan ta ungdomstaxi sjølv om du ikkje tek skulebuss til vanleg. Reisande frå Jøsneset, Jøsenfjorden og Ombo "går på og av ordninga" på Sande, Hjelmeland. Reisande som reiser med ferje betaler ikkje eigenandelen på 50kr. Taxisjåførane skal så langt det lar seg gjera samordna transporten.