Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken

Målet for Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland er å leggje til rette for at eldre skal få eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet og med mangfaldige sjangere og uttrykk. Gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.
 

Målgruppa for tilbodet er eldre over 70 år, som av ein eller annan grunn ikkje får nytte det generelle kulturtilbodet.

Aktørar som vil bidra til dette i Hjelmeland kan sende inn eit forslag om kva dei kan bidra med ved å trykke på lenka, innan 1. desember. Aktørane vil få utbetalt honorar, etter gjeldande satsar.

Har du spørsmål om ordninga?

Ta kontakt med Hjelmeland kommune v/Åsmund Sigmundstad tlf 40439155

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 40 43 91 55