På spinnesida - VEVNAD

På spinnesida - VEVNAD

Me som budde i den kalde enden av verda byrja for fleire tusen år sidan, å utvikla spinning og vev for å kunne halda varmen. Som århundra gjekk, raffinerte ein den tekniske sida slik at det vart mogeleg å framstille ymse slag vevnader, både til pryd og til nytte.

I tidligare tider her hjå oss, innan industrialisering av samfunnet slo igjennom, var det å renne ein vev kanskje noko av det teknisk mest kompliserte ein kom i kontakt med i det gamle bondesamfunnet. Det kravde både matematisk, såvel som stor praktisk kunnskap. Dette arbeidet var det kvinnene som handterte og utførte. 

Dei vov ikkje berre det naudsynte til bruk i heimen som sengklær, klede, dukar og åkle, men selde også store kvanta ullstoff til klesproduksjon, og bidrog vesentligt til familiane sin økonomi. Einslege kvinner kunne ha spinning og veving som leveveg, heilt eller delvis.

Innan vevnaden sitt felt støyter ein på eit veld av fagutrykk som rennebom, hovel, rosengang, krokbragd, skyttel, varptråd, rapport og veft. For utanforståande kan alle desse ord og begrep verke framande, men for dei som driv på med vev, gir det god meining. Nokre ord refererer til den tekniske sida av veven, andre til type vevnad.

Vev er basert på eit  horisontalt og eit vertikalt prinsipp. Det har medført at ein nyttar mange striper og enkle mønster som dekor, og som gir eit abstrakt uttrykk. Også i eldre åkle, kor åttebladsrosa og flammemønster ofte inngår, er det det abstrakte formspråk som dominerer, århundrer før billedkunsten aksepterte abstraksjonen som verdigt formspråk.

Golvtepper var opprinneleg ein luksus som kun den velståande del av befolkninga kunne omgje seg med. Folk flest hadde ikkje økonomi til å bruke kostbar ull på den slags. Men i takt med at naturalhushaldet glei over i pengeøkonomi samstundes som samfunnsøkonomien blei meir romsleg, blei det mogeleg for folk flest å ha tepper på golva. Dei lunte mot trekk og kjøl i kalde hus. Utslitne og kasserte klær enda i veven. Filleryene gjorde sitt inntog i heimane med sitt gjenbruk og fantasifulle design.

Men vevarbeid bær også preg av at tider, oppfatningar og idealer skiftar. Omkring forrige århundreskifte og tidlegare var mønsterrike  vevnader idealet innanfor åkle og som dekor i sengklær og anna . Mot midten av forrige århundre blei det enkle og konstruktive utrykk med få fargar, dominerande for seinare i århundret å skifte til eit meir ekspimenterande og naturprega uttrykk.
 
Likeeins endra fargeskalaen seg, frå plantefargar til industriframstillt innfarging. I kombinasjon med eldre tiders formspråk i form av striper, mønster, abstrakte og stiliserte figurar, viser det ein stor designmessig spennvidde innanfor fargepaletten.

Utvalget her er frå Hjelmeland og går tilbake til første halvdel av 1800-talet og fram til nå.

Nils Viga Hausken, kurator

Plakat for utstillinga På spinnesida VEVNAD - Klikk for stort bilete