STOL på Hjelmeland - Jærstolutstilling

I samlinga til Hjelmeland Bygdemuseum finst der ein stol frå 1800 talet som kan sjåast som forløparen til det me no definerer som jærstol. Den er grovt tilhoggen og med sete av handfletta hamp. Historia til stolen kjenner ein ikkje lenger. Den står som eit taust vitnesbyrd om ei tid kor ein ikkje var rådlaus. Med få og enkle hjelpemiddel snikra ein seg ein primitiv, men brukbar og funksjonsdyktig stol.

I slutten av 1800 talet buldra industraliseringa fram i verda i kombinasjon med at store deler av verda var kolonisert. Det ga innrykk av nye produkt og framande varer og materialer. Eit importprodukt som korgstolar vart populært, ikkje minst blant overklassen. Dei hadde desse enkle og puritanske møblene i sommarboligane sine. 

Brødrene Ola og Johannes Hetlelid frå Årdal fanga opp tidsånda og utvikla den første jærstolen på slutten av 1890 talet. Det var ein armstol smidd i einer, med ryggspiler av furu og med handtvinna siv frå det nærliggjande Hetlelidvatnet i setet. 

Jærstolen var fødd og naturen var flytta inn i stovene.  Ein enkel og lett stol. Ein jærstol ber ikkje på løyndomar. Den er open og ærleg. Det skal berre eit hastig blikk til for å skjøne materiale og tilverkningsprosess.
 
Jærstolen  finst i mange variantar, som armstol, gyngestol, krakk, bordstol, barnestol, kyrkjestol og barstol. Den er laga i einer, furu, gran, eik, bøk, svartor, ask, osp mm. Kvar tidsbolk har sin fargepalett og estetiske ideal. Stolen er blitt malt, lakka, beisa, ådra eller den står som heilt ubehandla. 

Endra produksjonsformer i kombinasjon med rasjonalisering av drifta har heile tida endra litt på jærstolen sitt uttrykk. Trekonstruksjonen spenner frå handlaga til maskinell framstilling, seter i handtvinna siv, under krigen papir, til maskinelt tvinna sjøgras eller med faste puter. 

Små produsentar i samspel med større møbelfabrikantar har evna å eksportera jærstolen til dei fleste kontinent og verdsdeler. Men det er ein estetisk robust stol som igjennom 120 år har evna å halde fast i sitt natur-utspring; tre og sjøgras.

Jærstolen er eit demokratisk produkt utan patentbeskyttelse, ein folkeleg stol formgjeve av menneske utan formell designutdanning, men med blikk for proposjonar og estetikk i kombinasjon med høg sitjekomfort. Dette er jærstolen sin styrke, og har vore med til å gje den store spennvidda i designet og mangfald i produkta. Den har bevist sin soliditet og er i folk si bevisstheit ein klassikar.

Kurator Nils Viga Hausken

 

Original

Jan Inge Haga

 

Første utgåva av jærstol

Produsent: ukjent
Årstal: 1800-talet
Materialer: Grovt tilhogd furu, sete av fletta hamp

Høgd: 86 cm
Høgde til sete: 40 cm
Bredde: 43 cm
Djubde: 39 cm

Eigar: Hjelmeland bygdemuseum

 

Armstol i einer

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1898-1900
Materialer: Einer, furu, tvinna sev

Høgd: 95 cm
Høgde til sete: 45 cm
Høgde til armlen: 62 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: privat

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1898-1900
Materialer: Einer, furu, tvinna sev

Høgd: 93 cm
Høgde til sete: 45 cm
Høgde til armlen: 61 cm
Bredde: 48 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: privat

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1898-1900
Materialer: Einer, furu i spiler, tvinna sjøgras

Høgd: 95 cm
Høgde til sete: 45 cm
Høgde til armlen: 62 cm
Bredde: 48 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: privat

Armstol

Jan Inge Haga Armstol, grøn

Produsent: Bjørn og Anna Bjelland
Årstal: 1900-1920
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 94 cm
Høgde til sete: 41 cm
Høgde til armlen: 57 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 41 cm

Eigar: privat

Armstol, raud

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1900-1920
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 111 cm
Høgde til sete: 42 cm
Høgde til armlen: 59 cm
Bredde: 51 cm
Djubde: 52 cm

Eigar: privat

Armstol til venstre

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1900-1920
Materialer: Beisa furu, handtvinna siv

Høgd: 110 cm
Høgde til sete: 44 cm
Høgde til armlen: 60 cm
Bredde: 50 cm
Djubde: 63 cm

Eigar: privat

Armstol til høgre

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1900-1920
Materialer: Ådringsmalt furu, sjøgras

Høgd: 108 cm
Høgde til sete: 41 cm
Høgde til armlen: 60 cm
Bredde: 53 cm
Djubde: 46 cm

Eigar: privat

Jan Inge Haga

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Armstol

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: ca. 1925
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgd: 111 cm
Høgde til sete: 41 cm
Høgde til armlen: 64 cm
Bredde: 50 cm
Djubde: 41 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Jan Inge Haga Armstol

Produsent: Hallvard Slåke
Årstal: ca. 1935
Materialer: Lakkert furu, handtvinna siv

Høgd: 85 cm
Høgde til sete: 42 cm
Høgde til armlen: 62 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: privat

Jan Inge Haga Armstol blå

Produsent: Harald Laugaland Jærstolfabrikk
Årstal: 1960 talet
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgd: 86 cm
Høgde til sete: 44 cm
Høgde til armlen: 62 cm
Bredde: 48 cm
Djubde: 43 cm

Eigar: privat

Armstol furu

Produsent: Hetlelid Møbelverkstad
Årstal: 1976
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd: 86 cm
Høgde til sete: 48 cm
Høgde til armlen: 64 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: privat

Juniorstol

Juniorstol rosemalt

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1915-1920
Materialer: Malt furu, tvinna sjøgras

Høgd: 73 cm
Høgde til sete: 33 cm
Høgde til armlen: 45 cm
Bredde: 39 cm
Djubde: 35 cm

Eigar: privat

Gyngestol

Jan Inge Haga Gyngestol einer

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1900-1910
Materialer: Einer, handtvinna siv

Høgd: 81 cm
Høgde til sete: 40 cm
Høgde til armlen: 57 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 44 cm

Eigar: priva

Gyngestol furu

Produsent: ukjent
Årstal: ca. 1950
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd: 95 cm
Høgde til sete: 43 cm
Høgde til armlen: 61 cm
Bredde: 48 cm
Djubde: 44 cm

Eigar: privat

Gyngestol malt furu

Produsent: Johannes Hetlelid
Årstal: 1900-1910
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 94 cm
Høgde til sete: 41 cm
Høgde til armlen: 57 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 41 cm

Eigar: privat

Jan Inge Haga Gyngestol

Produsent: Ole Bernhard Dyvik
Årstal: 1943-1947
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd: 94 cm
Høgde til sete: 46 cm
Høgde til armlen: 66 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 40 cm

Eigar: privat

Jan Inge Haga Gyngestol bondeblå

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1958
Materialer: Malt furu, sjøgras 

Høgd: 87 cm
Høgde til sete: 35 cm
Høgde til armlen: 63 cm
Bredde: 49 cm
Djubde: 46 cm

Eigar: privat

Gyngestol oransj

Produsent: Aksel L. Hansson AS
Årstal: 1018
Materialer: Malt furu, sjøgras 

Høgd: 86 cm
Høgde til sete: 41 cm
Høgde til armlen: 63 cm
Bredde: 48 cm
Djubde: 39 cm

Eigar: privat

Barstol

Barstolar frå 2020 - Klikk for stort bilete Jan Inge Haga  

Barstol, raud

Produsent: Aksel L Hansson A/S
Årstal: 2000
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgde: 110 cm
Høgde til sete: 80 cm
Bredde: 43 cm
Djupde: 36 cm

Eigar: Aksel L Hansson A/S

Barstol, svart

Produsent: Aksel L Hansson A/S
Årstal: 2010
Materialer: Plexiglass, malt furu, sjøgras

Høgde: 113 cm
Høgde til sete: 79 cm
Bredde: 44 cm
Djupde: 36 cm

Eigar: Aksel L Hansson A/S

Bordstol

Bordstol

Produsent: Ukjent, truleg Vormedalen
Årstal: 1910-1920
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 67 cm
Høgde til sete: 44 cm
Bredde: 45 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: privat

Jan Inge Haga Bordstol, første

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1950-1960
Materialer: Bøk, sjøgras

Høgd: 96 cm
Høgde til sete: 46 cm
Bredde: 44 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: privat

Borstol, andre

Produsent: Ukjent
Årstal: 1910-1930
Materialer: Lakkert furu, handtvinna siv

Høgd: 97 cm
Høgde til sete: 48 cm
Bredde: 47 cm
Djubde: 40 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Bordstol, tredje

Produsent: Ukjent
Årstal: Truleg 1930 talet
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 85 cm
Høgde til sete: 46 cm
Bredde: 43 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS 

Jan Inge Haga Bordstol

Produsent: Ukjent, Vormedalen
Årstal: Ca. 1930
Materialer: Malt furu, handtvinna siv 

Høgde: 93 cm
Høgde til sete: 47 cm
Bredde: 45 cm
Djupde: 42 cm

Eigar: Privat

Jan Inge Haga   

Bordstol, første

Produsent: Trygve Breiland
Årstal: 1980-talet
Materialer: Furu, sjøgras 

Høgde: 86 cm
Høgde til sete: 45 cm
Bredde: 46 cm
Djupde: 38 cm

Eigar: Privat

Bordstol, andre

Produsent: Trygve Breiland
Årstal: 1960-talet
Materialer: Furu, sjøgras

Høgde: 87 cm
Høgde til sete: 45 cm
Bredde: 44 cm
Djupde: 38 cm

Eigar: Privat

Jan Inge Haga Bordstol

Produsent: Ukjent
Årstal: 1910-1930
Materialer: Furu, sjøgras

Høgde: 75 cm
Høgde til sete: 45 cm
Bredde: 46 cm
Djupde: 40 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Jan Inge Haga Bordstol, første

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1930 - 1945
Materialer: Lakkert furu, sjøgras 

Høgde: 85 cm
Høgde til sete: 45 cm
Bredde: 46 cm
Djupde: 39 cm

Eigar: Privat

Bordstol, andre

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1945 - 1950
Materialer: Malt furu, papir

Høgde: 85 cm
Høgde til sete: 45 cm
Bredde: 44 cm
Djupde: 38 cm

Eigar: Privat

Bordstol, tredje

Produsent: Ukjent, truleg Vormedalen
Årstal: 1910-1920
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd: 67 cm
Høgde til sete: 44 cm
Bredde: 45 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: privat

Bordstol med bua spiler

Jan Inge Haga Bordstol med bua spiler blå

Produsent: Ukjent
Årstal: 1930 - 1960
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgde: 93 cm
Høgd til sete: 48 cm
Bredde: 46 cm
Djubde: 39 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Armstol med bua spiler brunbeisa

Produsent: Ole Bernhard Dyvik
Årstal: 1943 - 1947
Materialer: Beisa furu, sjøgras

Høgde: 98 cm
Høgd til sete: 48 cm
Høgd til armlen: 66 cm
Bredde: 50 cm
Djubde: 43 cm

Eigar: Privat

Bordstol med bua spiler furu

Produsent: Hetlelid Møbelfabrikk
Årstal: 1980
Materialer: Furu, sjøgras

Høgde: 101 cm
Høgd til sete: 64 cm
Bredde: 43 cm
Djubde: 40 cm

Eigar: Privat

Konvertert jærstol

Jan Inge Haga Konvertert jærstol grøn

Produsent: Nils Bjelland
Årstal: 1910 - 1930
Materialer: Malt furu, hardt sete

Høgde: 97 cm
Høgd til sete: 48 cm
Bredde: 44 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: Privat

Konvertert jærstol oker

Produsent: Nils Bjelland
Årstal: 1910 - 1930
Omdanna til lenestol av Sigrid Bjelland i 1946
Materialer: Malt furu, polstra sete

Høgde: 91 cm
Høgd til sete: 42 cm
Bredde: 53 cm
Djubde: 41 cm

Eigar: Privat

Konvertert jærstol furu, kvitpigmentert 

Produsent: Aksel L. Hansson AS
Årstal: 2020
Materialer: Furu kvitpigmentert, polstra sete

Høgde: 92 cm
Høgd til sete: 47 cm
Bredde: 43 cm
Djubde: 37 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Kyrkjestol

Kyrkjestol i eik

Produsent: Aksel L. Hansson AS
Årstal: 1955 - 1965
Materialer: Eik, sjøgras

Høgde: 88cm
Høgd til sete: 45 cm
Bredde: 46 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Kyrkjestol i furu

Produsent: Aksel L. Hansson AS
Årstal: 1955 - 1965
Materialer: Furu, sjøgras

Høgde: 82cm
Høgd til sete: 45 cm
Bredde: 50 cm
Djubde: 44 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Kyrkjestol i lakka furu

Produsent: Hallvard Slåke Mæbelfabrikk
Årstal: 1955 - 1965
Materialer: Lakka furu, sjøgras

Høgde: 87cm
Høgd til sete: 47 cm
Bredde: 45 cm
Djubde: 38 cm

Eigar: Privat

Krakk

Jan Inge Haga Krakk aprikos

Produsent: Nils og Siri Bjelland
Årstal: 1910 - 1030
Materialer: Malt furu, handtvinna siv

Høgd til sete: 49 cm
Bredde: 42 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: Privat

Krakk lys blå

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1947 - 1953
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgd til sete: 48 cm
Bredde: 42 cm
Djubde: 40 cm

Eigar: Privat

Krakk blå

Produsent: Hallvard Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1950 - 1955
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgd til sete: 47 cm
Bredde: 43 cm
Djubde: 37 cm

Eigar: Privat

Jan Inge Haga Krakk, fotskammel

Produsent: Hetlelid Møbelverkstad
Årstal: 1992
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd til sete: 33 cm
Bredde: 33 cm
Djubde: 24 cm

Eigar: Privat

Krakk furu

Produsent: Ukjent
Årstal: 1980
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd til sete: 47 cm
Bredde: 42 cm
Djubde: 37 cm

Eigar: Privat

Krakk 

Produsent: Aksel L. Hansson AS
Årstal: 2021
Materialer: Furu, sjøgras

Høgd til sete: 50 cm
Bredde: 34 cm
Djubde: 34 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Barnestol

Jan Inge Haga Barnegyngestol lakkert furu

Produsent: Trygve Breiland
Årstal: 1955
Materialer: Lakkert furu, sjøgras

Høgde: 60 cm
Høgd til armlen: 46 cm
Høgd til sete: 39 cm
Bredde: 42 cm
Djubde: 42 cm

Eigar: Privat

Barnegyngestol blå

Produsent: Slåke Møbelfabrikk
Årstal: 1950
Materialer: Malt furu, sjøgras

Høgde: 58 cm
Høgd til sete: 24 cm
Høgd til armlen: 41 cm
Bredde: 34 cm
Djubde: 22 cm

Eigar: Aksel L. Hansson AS

Gyngestol furu

Produsent: Laugaland Trevarefabrikk
Årstal: 1952
Materialer: Furu, sjøgras

Høgde: 56 cm
Høgd til sete: 24 cm
Høgd til armlen: 42 cm
Bredde: 35 cm
Djubde: 32 cm

Eigar: Privat

  Jan Inge Haga