Hjelmelandslegatet

Hjelmelandslegatet

Kvart år kan det søkast om midlar frå Hjelmelandslegatet. Det er berre ein tildelingsrunde i året, med søknadsfrist 31. oktober.

Kven kan søke?

  • Ungdom som er under fagleg utdanning og har tilknyting til Hjelmeland.
  • Økonomisk vanskelegstilte familiar busett i Hjelmeland.
  • Økonomisk vanskelegstilte einslege busett i Hjelmeland. 

Korleis søke?

Skriv om kvifor du søker midlar. Du må legge ved opplysning om telefonnummer og eventuelt e-postadresse, samt kontonummer. Kopi av siste skatteoppgjer må leggast ved for søkarar over 18 år.

Kopi av foreldre eller føresette sitt skatteoppgjer må leggast ved dersom søkaren er under 18 år.

Søk via elektronisk skjema.

Du kan også sende søknaden din til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 31. oktober.

Kontakt

Spørsmål kan rettast til kulturleiar på tlf. 404 39 153.

Magnar Riveland
Kulturleiar
E-post
Telefon 40 43 91 53