Opplev ville, vakre Jøsenfjorden

Bli med på tur inn Jøsenfjorden for å oppleva fjord og fjell. Du får sjå Skomakernibba frå fjorden og me går inn i ei flott vik kalla Osmundshavn med båten. Me tek også turen innom Tytlandsvik der du får sjå det landbaserte smoltanlegget frå sjøen. Turen vidare går forbi Segadal og inn til Førre, denne delen er særleg spektakulær med høge fjell på opp til 800/900 meter og trang fjord. 

Avgang og billett

Avgang frå Judaberg, Seæbøvågen (Fogn), Sør Bokn, Byre, Hjelmelandsvågen og Nesvik.

Turane går torsdagar i juli, samt dei to første i august. 

Les meir om avgangstider og prisar på Helgøy Skyssbåt si heimeside.