Etablere ny bedrift

Har du planar om å etablera deg som næringsdrivande i Hjelmeland kommune? Då kan du ta kontakt med kommunen sin næringsrådgjevar for å få informasjon om etablerarrettleiing, tilskotsordningar og kommunale rammevilkår.

Etablerarrettleiing - Bygdeutvikling Ytre Ryfylke

Å starte ei bedrift krev planlegging. Mange spørsmål skal ha svar og mange vurderingar må gjerast. Hos Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke får du informasjon, rådgjeving og rettleiing når det gjeld etablering av eiga bedrift - liten eller stor verksemd. I tillegg kan du få hjelp til:

  • å lage forretningsplan
  • å lage forretningsmodell
  • budsjettering
  • å lage finansieringsplan
  • val av selskapsform 
  • litt om marknadsføring

Du får tilbod om nettverk, kontaktpersonar og får vite om dei ulike tilskottsordningane som finst. Etablerarar får tilbod om oppfølging, besøk, informasjon om studieturar, kurs, etablerarkurs med meir.

Ta kontakt med Kari Sand
E-post: kari.sand@strand.kommune.no
Telefon: 51 74 30 21 eller 950 31 190

Gjennom Facebooksida «Starte egen bedrift i Strand, Forsand og Hjelmeland» får du informasjon før alle andre.


Du kan og finne meir informasjon her:

Skape.no

Innovasjon Norge

Arealguiden

Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 404 39 123