Dyrking og landbruksvegar

Dyrking og landbruksvegar

Dersom du skal drive med nydyrking, påfylling av massar for jord- og terrengutbetring, planering, bygge landbruksveg, til og med enkel permanente køyrespor, så er det søknadspliktig.

Det er eige skjema for både dyrking og vegbygging. Søknaden skal sendast kommunen. Nokre gonger blir det aktuelt med synfaring i felt. Alle søknadar blir sendt på høyring til Rogaland Fylkeskommune i høve til freda kulturminne. Du må difor berekne i alle fall 1 månad saksbehandlingstid.

Fysisk inngrep i vassdrag

Dersom du i samband med nydyrkinga eller vegbygginga må til med fysiske inngrep i vassdrag, lite eller stort, så er også dette søknadspliktig. Her er eige søknadsskjema som skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland, eller Rogaland Fylkeskommune for avgjerd. Kor søknaden skal sendast er avhengig av om her er anadrom fisk eller ikkje.

Anne Kari Skogerbø
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 26