Forpakting og jordleigeLytt til tekstenStopp avspillingHar du spørsmål kan du og ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen. Sist endra13.03.2019 09.55 Forpakting og jordleige Jordleige Det er driveplikt på all jordbruksjord. Dersom du skal leige/leige bort jorda di, så er det jamfør Jordlova § 8 nokre vilkår: Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtalen er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie den opp. Avtalen må føre til driftsmessig gode løysingar og vere skriftleg. Eigaren må sende kopi av avtalen til kommunen. Forslag til jordleigeavtale (PDF, 130 kB) Forpakting Dersom det er meir enn bare jorda som skal leigast,til dømes driftsbygningar, reiskap eller husdyr, så er det forpaktingslova som styrer vilkåra. Det skal vere skriftleg avtale. Kommunen har standard avtaleformular. Forpaktingsavtalen skal godkjennast, det vil sei behandlast av kommunen Forpaktingsavtalen skal i utgangspunktet vere for minst 5 år Jamfør lova skal det vere tiltredings- og fråtredingsskjønn. Skjønnet si oppgåve er å konstatere, beskriva og taksera. Partane kan avtala kven som skal halda skjønnet. Eit alternativ er voldgift. Ein kan og nytte seg av eit kommunalt utval som held forpaktingsskjønn. Dei er 3 personar, og her er eit kommunalt gebyr for utført jobb. Kommunen kan samtykke i at skjønn ikkje blir halde i enkelte tilfelle. Då må partane vere einige om dette og det må skrivast i kontrakten. Les meir i forpaktingslova