Tilskot til nydyrking

Tilskot til nydyrking

Det kan søkast om tilskot til investeringar i landbruket via den kommunale tilskotsordninga for næringslivet. Dette gjeld også tilskot til dyrking. Vilkår for å gi tilskot er at det finns eit gyldig dyrkingsløyve, og at dyrkinga ikkje er påbegynt før du søker tilskot.

Les meir om ordninga "Tilskot til næringsføremål"

Det er to årlege søknadsfristar

  • 15. april
  • 15. oktober

Søknadar om dyrkingstilskot blir vurdert i lag med andre innkomne søknadar.

Dersom ein søknad om dyrkingstilskot blir prioritert er satsen kr 2 000 pr da, og du kan maksimalt søke tilskot til 20 da pr år.

Tilskotet kan betalast ut når kommunen har ferdiggodkjent dyrkinga og arealet er sådd eller planta.

Fyll ut elektronisk søknadsskjema

Retningslinjene for tilskot til nydyrking (PDF, 344 kB)

Anne Kari Skogerbø
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 26