Skogsvegar

Skogsvegane er viktig for å minske transportkostnadane ved utkjøring av tømmer, og for å gjera skogen meir tilgjengeleg. Dette gjer det lettare å skjøtta skogen og gjer mindre kjøreskader i terreng.

Skal du bygge eller har spørsmål om skogvegar kan du ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen. Her kan ein få gode råd på om det vil svara seg å byggja veg og om du bør prøva å få til eit samarbeid med fleire. Du får og hjelp med søknadar om bygging og tilskot.

Ved større veganlegg vil det vera hensiktsmessig å bruka ein vegplanleggar.

Tilskot til bygging og ombygging

Ein kan søke om tilskot til bygging og ombygging av skogsvegar. Normalt ligg tilskot til skogsbilvegar mellom 40-60% av byggekostnaden, og kanskje endå høgare om ein samarbeider med fleire (50-70%).

Søknad om bygging av skogsvegar og tilskot til bygging sender du til kommunen.

Kristofer Tveiterå
Rådgjevar skogbruk
E-post
Telefon 404 39 128