Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Etablerarprøve for serveringsverksemd
Etablerarprøva er obligatorisk for dagleg leiar av ei serveringsverksemd. Det er ikkje nødvendig å ta prøva før serveringsverksemda skal etablerast. Serveringslova definerer dagleg leiar som ”den som har det reelle ansvar for den daglige drift av serveringsstedet”.
Publisert 16.05.2018 15.35
Sist endra 16.05.2018 15.35
Den som skal ta prøva må ta kontakt med kommunen for å avtala tid.
Prøva vert gjennomført på nett, ved bruk av PC i biblioteket, og kostar f.t. kr 400,- per forsøk.