Lokalt regelverk

Lokalt regelverk

Alkoholpolitisk plan vart vedtatt i kommunestyresak 37/20.

 Rammer og generelle føresegner

  • Plan og forvaltning har ansvar for kommunen si kontrollverksemd og handtering av løyvingssaker.
  • Kontrolltiltaka skal samsvare med forskriftene i Alkohollova kap.7.  
  • Søknader om skjenkeløve må vurderast  nøye i kvart enkelt tilfelle jfr. Alkohollova, § 17a.  Areal- og forvaltningsutvalet skal evaluere og følgje opp kommunens løyvingspolitikk.
  • Brot på løyvingsbestemmingane kan medføre tap av skjenke- eller salsløyve. 
  • Løyve gis for ein kommunestyreperiode av gangen.

Salsløyve

  • Kvardagar; i butikken si opningstid, maksimalt fram til kl. 20:00. 
  • Dagar før søndagar og heilagdagar; i butikken si opningstid, maksimalt fram til kl. 18:00. Unntak: dagen før Kristi Himmelfartsdag.
  • Styrar/stadfortredar skal dokumentere bestått kunnskapsprøve.

Salsløyve i alkoholklasse 1 kan i utgangspunktet berre gis til ordinære daglegvarebutikkar. 

Salsløyve i alkoholklasse 1 og 2 kan likevel gis til bedrifter med eigenproduksjon etter staten sin definisjon av dette. Slike bedrifter må ha statleg produksjonsløyve. 

Skjenkeløyve

A - Skjenketid ved ordinære løyve og ambulerande løyve: 

  • Kl. 11:00-01:00 for alkohol klasse 1, 2 og 3
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det for lukka lag tillatast skjenking av alkohol klasse 1,2 og 3 til kl. 01:30
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det for lukka lag søkast om utvida skjenkeløyve fram til kl. 03:00  

B - Uteskjenking:

  • Skjenking ute fram til kl 24:00. Dette omfattar alkohol klasse 1,2 og 3 
  • Arealet skal vera klart avgrensa (gjerde, hekk eller liknande)
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det tillatast skjenking ute fram til kl. 01:30 på avgrensa område ved restaurant/hotell. Dette omfattar alkohol klasse 1,2 og 3. 

C - Avgrensingar kring tildeling av skjenkeløyve: 

  • Løyve kan gis dersom skjenkinga er ein del av eit breiare driftskonsept, slik som matservering, omvisning, produksjon eller kulturarrangement. 
  • Ambulerande løyve skal ikkje gis til arrangement der ungdom under 18 år er viktig målgruppe. Ved enkelthøve (opne arrangement) vert det krevd 18-årsgrense. Det vert på slike opne arrangement ikkje gitt løyve til skjenking av alkohol klasse 3.
  • Det kan berre gis skjenkeløyve til arrangement/tilstellinga i dei lokala i skule/undervisningsbygg som har ein klar fleirbruksfunksjon. I slike lokale, med unnatak av idrettshallen, kan det berre gis løyve til slutta lag. 

D - Mynde til tildeling av løyve:

  • Rådmannen får delegert mynde til tildeling av ambulerande løyve for alkohol klasse 1,2 og 3, samt mynde for utviding av skjenketid/utvida skjenkeareal ved enkelthøve.
  • Rådmannen får også mynde til å tildela løyve ved enkelthøve, når desse skjer etter same mal som tidlegare år, og erfaringane er gode. 
  • Areal- og forvaltningsutvalet får mynde til å tildela løyve ved enkelthøve (opne enkeltarrangement) etter høyring hjå politi/sosialteneste.
  • Tildeling av faste løyve ligg til kommunestyret.