Salsløyve

For å kunne selge drikke med over 2,5 volumprosent alkohol i din butikk, må du ha eit salsløyve. Dette må du søke om hos kommunen. 

Søknad om salsløyve skal sendast inn av den juridiske eininga med det økonomiske ansvaret. Det gis som hovudregel løyve til sal av alkohol i gruppe 1: Drikk som inneheld mellom 2,5 og høgast 4,7 volumprosent alkohol. Søknad om salsløyve er ikkje nødvendig for drikk som inneheld under 2,5 volumprosent alkohol.

Det er opp til kommunen å vurdere om ein søknad om løyve skal verte innvilga, om vilkåra for å få løyve for øvrig er oppfylt. Eit avslag skal allid vere grunngjeve.

Eit løyve gjeld som hovudregel for inntil fire år om gongen.