Ny høyring - Reguleringsplan R154 Sandvik bustadfelt, Fister

Forslag til ny reguleringsplan for R154 Sandvik bustadfelt, Fister blir lagt ut på ny høyring, jf vedtak i Areal-og forvaltningsutvalet sitt vedtak i sak 30/20

Saken har vore på høyring tidlegare, og det har vore motsegner/protestar til saken.

Areal-og forvaltningsutvalet (AFU) hadde saken difor til ny 1.gongsbehandling  i møte den 11.06.2020. Der blei det vedteke ein god del endringar ift første høyringsutkast i 2019 og den avgrensa høyringa i mars-april 2020.

Endringane som nå er gjort framgår av AFU-sak 30/20.

Tal nye bustader er nå redusert frå 34 til 26 nye bustader.  I tillegg kjem 6 eksisterande bustader. Utbyggingsvolum/utnyttingsgrad er òg endra/redusert.

Med dei endringane som er innarbeidd i dei nye plandokument har ein imøtekome mykje av den kritikken og dei motsegner som blei reist til planforslaget. Nytt planforslag er sendt på ny høyring til berørte partar, og kommunen har bede Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen om å trekkje varsla motsegner til planen.

Plankart, føresegner, planskildring, illustrasjonsplan er nå endra. Her finn du NYTT HØYRINGSUTKAST

Frist for eventuelle merknader innan 19. februar 2021. 

Etter dette vil saken bli tatt opp til 2.gongsbehandling i AFU og deretter endeleg behandling i kommunestyret.

Avdeling plan og forvaltning.