Arealdel

Me startar arbeidet med revisjon av arealdelen hausten 2025. 

Kommuneplanens arealdel er det ein gjerne forbind med fargar og skravur på eit kart.  Ja, og alle desse fargane og skravurane avgjer kor og kva som kan byggast, og kva som skal vernast.   Planen viser kor bustad-og hyttebygging skal skje, kor landbruk skal prioriterast og kor oppdrett i sjø eller uttak av byggeråstoff skal skje osv.   

Saman med fargane på plankartet, vil det òg bli eit sett med føresegner som forklarar korleis dei ulike områda skal utviklast og  forvaltast. 

Kommuneplanens arealdel er juridisk bindande for arealbruken, og det er plan-og bygningslova som gir føringar for korleis ein slik plan skal lagast.

Her er link til gjeldande arealdel, vedtatt i 2019.    Du finn også gjeldande arealdel på arealplaner.no

Skal arealdelen snart reviderast ?

Kommunestyret vedtok i september 2024 Planstrategi og planprogram for kommuneplanen.  

Dette dokumentet fortel mellom anna kva planar som skal lagast framover, og når.  

Først skal kommuneplanens samfunnsdel reviderast. Dette planarbeidet pågår, og eit forslag er nå på høyring fram til 16.april 2025 - her finn du høyringsutkastet. 

Forslag til Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2037 inneheld ein arealstrategi, dvs eit sett med overordna føringar for det vidare arbeidet med arealdelen.  Så allereie i samfunnsdelen er det skissert opp grove trekk i vår ønskja arealbruksutvikling. Dette blir brukt når innspel til arealdelen skal vurderast.

Målet er at kommunestyret skal vedta samfunnsdelen i juni 2025.

Arbeidet med Kommuneplanens arealdel tek ein sikte på å starte med hausten 2025.

Det vil bli gitt nærare informasjon om høve til medverknad når arbeidet startar opp.