Kommunedelplan - naturmangfald

“Hjelmeland naturlegvis” er vår visjon. Den spelar mellom anna på at Hjelmeland er rik på natur og at fleire av våre næringar er tufta på naturlege ressursar. Men veit me nok om naturmangfaldet i kommunen vår?

Naturmangfald handlar om både biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald på land og i sjø. Eit kjempestort tema med andre ord.

Kommunedelplan for naturmangfald skal gi nokre svar på kva me har og kva me skal prioritere å kartlegge framover - og den skal gi føringar for korleis me skal forhalde oss til naturverdiane i samfunnsutviklinga framover.

Planforslag  

Me har eit planforslag som er klar for politisk behandling i juni. Her finn du saksframlegget og planforslaget

Her er møteplan
3. juni : Areal-og forvaltningsutvalet 
4. juni: Formannskapet
12.juni: Kommunestyret 

Framdrift og høyring

Når forslaget er vedtatt av kommunestyret 12. juni 25, blir det lagt ut til høyring i sommar, slik at du òg kan meine noko om det. Me vil kunngjere særskild når høyringsrunden startar, og kva høyringsfristen blir. 

Me tek sikte på endeleg behandling i kommunestyret i september eller oktober 2025.

Planprogram

Planarbeidet er tufta på Planprogram for kommunedelplan for naturmangfald , som er vedtatt av kommunestyret.
Det er ei slags “kokebok” for planarbeidet. 

Her er link til saken. Der finn du alle dokument i saken.

Andre pågåande planprosessar som handlar om Hjelmeland si framtid: 

Svanhild Hjorteland Gbada


  

Kontaktkort

Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 23