Kommuneplanen sin samfunnsdel er eit viktig og omfattande planarbeid - kanskje det aller viktigaste. For dette handlar om korleis me vil at Hjelmlandsamfunnet skal utvikle seg framover mot 2037. Så dette er aktuelt for deg og meg, for alle innbyggjarar, næringsdrivande og hytteigarar i kommunen vår.
Klar for sluttbehandling
Hjelmeland kommunestyre vedtok i februar å leggje forslag til Kommeplanen samfunnsdel 2025-2037 ut til offentleg ettersyn, jf plan- og bygningslova kap 11.
Planen var på høyring, me hadde fleire folkemøter rundt i grendene og me fekk ein del uttalar både frå privatpersonar, næringsliv og eksterne planmyndigheiter.
Planen har blitt behandla for andre gong i følgjande utval:
- 8. mai Seniorrådet
- 8. mai Råd for menneske med funksjonshindring
- 13. mai Areal-og forvaltningsutvalet
- 14.mai Formannskapet
- 22. mai Kommunestyret
Link til saksframlegg med vedtak
Administrasjonen legg nå fram eit korrigert planforslag i tråd med politiske signal frå møta og planen blir sluttbehandla endeleg av kommunestyret 12. juni 2025.
Du finn saksframlegg og oppdatert plan nokre dagar før møtedato på denne link: kommunestyret 12. juni 2025.
Her er link til saken med alle dokument.
Dialog og samarbeid
Svanhild Hjorteland Gbada
Publisert 04.10.2024 10.35
Sist endra 05.06.2025 15.15