Bustadutbygging

Bustadutbygging

Strategi for auka bustadutbygging i Hjelmeland kommune. 

Strategien gjeld for åra 2023-2027.

Bakgrunn

Lite bustader

I løpet av det siste året har det vore lite ferdigstilling av nye bustader i Hjelmeland. Dette har igjen ført til at det no er få bustader for sal. Det er også få bustader som er til leige.

Næringslivet

Frå næringslivet får me melding om at det er vanskeleg at mange aktuelle arbeidstakarar vel å busetta seg utafor kommunen. Dei ser problem med innpendling av større grupper tilsette då desse ofte lettare finn seg arbeid nærare bustaden. Me opplever at signala er at det er trong om husvære i Årdal og på Hjelmeland. Det er gjennomført to møte med næringsforeiningane med dette temaet.

Kommunen

Som kommune ser me og at det er trong om fleire bustader. Særleg er flyktningsituasjonen ei utfordring. Kommunen har trong om fleire bustader til denne gruppa. Vidare arbeider me med å etablera Hjelmeland kommune som eit aldersvennleg samfunn. I dette arbeidet ser me at fleire kunne ha betre livskvalitet ved å bu i husvære som er betre tilrettelagt. Administrasjonen vurderer at det er trong om bustader i heile kommunen.

Planlagde bustader

I kommunen er det ferdig regulerte område planlagde for bustader. Desse vil kunne løyse noko av problema me har. Samstundes så ser me at desse prosjekta tar tid, og kan være vanskeleg å realisera.

Aldersvennleg samfunn

Hjelmeland kommune skal være eit aldersvennleg samfunn. Bustadutviklinga må speila denne visjonen. Det må være eit mål å ha aldersvennlege bustader i alle bygder. Aldersvennlege bustader er og ofte aktuelle for førstegangsetablerarar.

Kommunen ein aktiv part i bustadutvikling

For å få til meir utbygging med noko større hastigheit kan det være naudsynt at kommunen tar ein meir aktiv rolle. Ein strategi for utbygging av bustader kan innehalda fleire element. Uansett er det trong om noko meir analyse og kartlegging av kva behov som finns i bustadmarknaden. Samstundes så vite me nok til å kunne bidra til å få større fart på bustadutbygginga.