Kommuneplanen sin samfunnsdel 2025-2037
Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedtatt i kommunestyremøte 12. juni 2025.
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Samfunnsdelen handlar mellom anna om:
- næringsutvikling
- frivilligarbeid
- tenestetilbod
- barn-og unge
- naturverdiar
- bu-og rekreasjonsmiljø
Visjonen er framleis “Hjelmeland naturlegvis” og satsingsområdet er “Jobb og attraktivitet”.
Pågåande planarbeid
Kommunedelplan for byggeråstoff og massehandtering
Planen vart sluttbehanda i kommunestyret 4. september 2025.
Kommunedelplan for byggeråstoff og massehandtering
Kommunedelplan for naturmangfald
Planen har vert på høyring gjennom sommaren 2025.
Kommunedelplan for naturmangfald
Kommuneplanen sin arealdel
Arealdelen startar me opp med hausten 2025. Kapittel 5 i samfunnsdelen arealstrategi gir føringar for dette planarbeidet.
Kommuneplanens arealdel
Framtidig planarbeid
Planstrategi og planprogram for revisjon av kommuneplanen.
Planstrategien gir mellom anna ein oversikt over kva planar som skal lagast framover, og når.
Planprogram er ei “kokebok” for den enkelte plan, kva me skal vektlegge og korleis planprosessen skal foregå.
Den såkalla “innsatstrappa” blir òg ein viktig del av prosessane framover. Det handlar om korleis me skal rigge samfunnet vårt for ein stadig aukande andel eldre i befolkninga.
Utsikt over Ombofjorden frå Åsland
Svanhild Hjorteland Gbada