Byggeråstoff

Hjelmeland kommune er rik på naturressursar som sand, grus, naturstein og pukk. Samstundes er dette ei knapp ressurs, og det er viktig å ha ein overordna langsiktig plan for bruk og vern av område knytt til dette - og ein strategi for eventuelle uttak.

Sluttbehandling av planen

Planen var på høyring vår-sommar 2025.  Den blei behandla i kommunestyret 4.september 2025.  

Link til kommunestyresaken med vedtak.

Du kan sjå kommunestyrebehandlinga på KommuneTV

Administrasjonen skal nå justere plandokumentet i tråd med kommunestyrevedtaket, og leggje dette fram for endeleg behandling 15.oktober 25.

Alle dokument og innkomne merknader i saka. 

 

Kva skjer vidare ?

Planen er ein temaplan, og ikkje ein juridisk bindande arealplan. Planen gir føringar for vidare planlegging i kommuneplanens arealdel og for forvaltning massehandtering. Ressursområde som blei prioritert i byggeråstoffplanen, må konsekvensutgreiast på eit meir omfattande nivå før ein eventuelt kan vurdere å ta de inn i kommuneplanens arealdel.