NAV Hjelmeland

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp er ei midlertideg inntekt. Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klara deg sjølv.

Før du kan få stønad må du vurdera alle andre moglegheiter for å forsørga deg sjølv. Dette kan til dømes vere gjennom jobb, andre inntekter eller eigne midlar.

Du må senda inn nødvendig informasjon, slik som opplysningar om inntekt og utgifter.

Søk elektronisk ved hjelp av min-id.

Søk ved å bruke søknadsskjema. (PDF, 38 kB)

Kvalifiseringsprogrammet 

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som ønsker å koma i arbeid, men treng ekstra oppfølging for å klare det.

Dersom du har levd på sosialhjelp over ein lang periode eller står i fare for å koma i ein slik situasjon, kan kvalifiseringsprogrammet vere eit godt tilbod. 

Les meir om kvalifiseringsprogrammet.

Utan ein stad å sove?

NAV har plikt til å hjelpa deg med å finna eit midlertideg butilbod dersom du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg det neste døgnet.

Les meir om midlertidig butilbod for nødsituasjonar.

Råd og rettleiing

Rett til opplysning, råd og rettleiing får du uavhengig av om du allereie er i ein vanskeleg livssituasjon eller om du tek i mot andre tenester frå NAV. Dersom du får økonomisk sosialhjelp kan råd og rettleiing bidra til å støtte opp under moglegheitene dine til å klara deg sjølv.

Les meir om råd og rettleiing.

Råd om økonomi og gjeld

Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem, kan NAV gje deg økonomisk rådgjeving.

Les meir om økonomisk rådgjeving.

For råd om økonomi frå NAV
Ring 55 55 33 39
Tasteval 1
Opningstida er kl. 9.00-15.00