Bygge nær vegen eller søke om ny avkøyrsleLytt til tekstenStopp avspillingViss du ønsker dispensasjon frå veglova si byggegrense (§§ 29 og 30) og løyve til avkøyrsle i byggesaker (§ 40), så må du søke om det.Søknad om dispensasjon frå byggegrense langs vegSøknaden skal skildre noverande tilhøve og tiltaket det vert søkt løyve for.Situasjonskart: Eit situasjonskart i M 1:250 eller 1:500 Avstand mellom planlagt bygg (inkl. eventuelt takutstikk) og asfaltert vegkant Avstandane skal målsetjast på kartetSkildring av tiltaket: Kva om skal byggjast/endrast Konsekvensar i høve til vegen (tryggleik og driftseffektivitet)Søknad om løyve til avkøyrsle eller utviding av løyveSøknad skal skildre noverande tilhøve og tiltaket det vert søkt løyve for.Situasjonskart: Eit situasjonskart i M 1:250 eller 1:500 Skal vise avkøyrsla med påteikna frisikt-linjer frå avkøyrsla og ut på kommunal veg Frisiktlinjene viser på kartet sikt for ei avkøyrsle til ein veg, etter krava til ein 30 km/t veg. 3m frå kant av kommunal veg skal det være muleg å sjå 20m i begge retninger langs vegen. Det skal ikkje være sikthinder over 50cm i høgde. Siktlinjer og avstand frå veg i avkøyrsla skal målsetjast på kartet.Skildring av tilhøva for avkøyrsla, t.d.: Tal brukarar/bueiningar Stigningstilhøve Bredde på avkøyrsle Høve til snuplass på eigen grunnTeknisk utforming av avkøyrsler skal utførast i tråd med Handbok N100 «Veg- og gateutforming».SøknadsskjemaSøknadsskjema for avkøyrsleSøknadsskjema dispensasjon frå byggegrense