Du må søke om løyve viss det skal gravast i eller ved offentleg veg. Det er som regel dei som utfører arbeidet som søker.
Du må søke om graveløyve når du skal:
- grave i kommunal veg eller nærare kommunal veg enn 3 meter frå vegkanten
- utføre arbeid som fører til bruk at utstyr, innretningar eller plassere til dømes containarar, utstyr, stillas eller liknande på kommunal veggrunn
- grave på kommunal grunn eller eigedom
- grave på privat grunn kor det går kommunale vass- og avlaupsleidningar
Du søker om graveløyve ved å nytte skjema: Søknad om graveløyve
Graving må ikkje starte opp før søknad om graveløyve er godkjent av kommunen.
Ved graving i eller nær kommunal veg skal skiltplan/arbeidsvarslingsplan godkjennast av kommunen før arbeidet kan starte opp.
Etter at gravearbeidet er fullført skal det leverast ei ferdigmelding. Digitalt skjema er under utarbeiding.
Svar på søknad om graveløyve kan forventast innan 3 veker frå innsendt søknad.