Nasjonaldagen vår 17. mai er ein dag fylt med stoltheit, glede og fellesskap. Me feirer med flagg, barnetog, leiker, pølser og lapskaus - og ja, ungane (og kanskje dei vaksne også?) spis gjerne is til dei nesten sprekk! Me samlar oss i bygdene ikledd finstasen og bunadar, og me er i feststemning for å markera vår historie, natur, kultur og verdiar.
Siri Kyrkjeeide
Her er oversikta over kor ein kan feira dagen i kommunen
Program for Fister
- 11:00 - Gudsteneste i Fister kyrkje
- 11:45 - Tog frå Fister kyrkje og opp til skulen
- 12:30 - Velkommen og tale for dagen ved Frida Hauge og Lotte Arnesen Helgøy
- Matsal startar rett etter talen
- Ca. 13:00 - 60 meter, tipping, aktivitetar og leik
- 15:15 - Premieutdeling
Velkommen!
Program for Hjelmeland
- 08:00 - Flaggheising
- 09:45 - Gudsteneste i Hjelmeland kyrkje
- 11:00 - Tale for dagen utanfor omsorgssenteret v/Johanne Kvalvåg Hetlelid, Marie Mjølhus og Malin Flem
- 11:15 - Toget går frå Hjelmeland omsorgssenter til Hjelmeland IL Klubbhus
- 12:00 - Matsal, aktivitetar og konkurransar ved Klubbhuset på kunstgrasbanen
- 14:00 - Premieutdeling
Velkommen til små og store!
Program i Jøsenfjorden
- 09:00 - Kransenedlegging, korps og appell ved støta til Georg Fjellberg
- 09:45 - Tippekonkurranse blir lagt ut, Fjordahuset
- 10:30 - Tog med korps startar, me går rundt Hauge
- Etter at toget er attende til skuleplassen held Norah Gjil tale for dagen, gymsalen
- Etter talen blir det mat, leiker, natursti, konkurransar med meir
- 13:30 - Familie-/vennestafett med 4 stykk på kvart lag, meld dykk på i kiosken
- 14:00 - Premieutdeling
Velkommen!
16. mai klokka 18:00: Skarpskyting på skytebanen.
Program på Jøsneset
- 12:30 - Tor tur/retur Grendahuset - bedehuset
- 13:00 - Felles lunsj med tale for dagen
- Ca. 14:00 - Leiker og aktiviteter (gratis)
- Ca. 15:30 - Fellesaktivitet + premiering
Alle er velkomne!
Program på Randøy
- 11:00 - Toget går frå skuleplassen
- 12:00 - Tale for dagen ved Knut Vadla
- 12:30 - Matøkt
- 13:00 - Natursti, leikar og tippekonkurransar startar
- 15:00 - Leikene sluttar
- 15:30 - Avslutning og premieutdeling
Velkommen til alle!
Program i Vormedalen
Kl. 11 - Tale for dagen ved Hilde Pedersen Meland
- Tog
- Sal av lapskaus, kaffi og kaker
- Ymse leiker for born og vaksne
Kl. 16 - Premieutdeling
Alle er velkomne!
Program i Årdal
- Kl. 11:00 - Gudsteneste i Årdal kyrkje
- Kl. 11:45 - Toget går frå parkeringsplassen utanfor kyrkja
- Kl. 12:00 - Markering utanfor Årdal omsorgssenter
- Kl. 12:15 - Matsal og kiosk opnar
- Kl. 12:15-14:00 - Leiker på skuleplassen og kunstgrasbanen
- Kl. 14:15 - Tale for dagen ved Mette Ingvaldstad
- Kl. 14:30 - Premiering i gymsalen
Velkommen!
Ser du ikkje programmet for di bygd?
Tips komiteen om å sende programmet til postmottak@hjelmeland.kommune.no, så legg me det ut fortløpande.
Publisert 28.04.2025 09.26
Sist endra 15.05.2025 12.37