Arbeid for miljøfyrtårnsertifisering
Kommunestyret vedtok i sak 52/20 å arbeida for miljøfyrtårnsertifisering av kommunen. Miljøfyrtårnsertifisering betyr at kommunen som bedrift må oppfylle visse kvalitetskriterie med omsyn til klima og miljø (inkludert arbeidsmiljø) utarbeidd av stiftelsen Miljøfyrtårn, sjå nettside Stiftelsen Miljøfyrtårn.
Sist endra 03.07.2024 15.47
Når desse kvalitetskriteria er på plass, skal ein årleg utarbeida og levera ein klima og miljørapport som handlar om kva ein har fått til siste året. Hjelmeland kommune vert sertifisert etter hovudkontormodellen, det vil seia at det fyrst var administrasjonsbygga i Hjelmelandsvågen som vart sertifiserte. Etter det skjedde sommaren 2021 har andre einingar etter tur blitt sertifiserte. Så langt gjeld det alle barnehagane og omsorgssentra, og helsehuset. Hausten 2024 står skulane for tur. Sommaren 2024 vert også hovudkontoret resertifisert (sertifiseringa gjeld for tre år om gongen).
Kommunen var faktisk den fyrste bedriften i Hjelmeland som vart miljøfyrtårnsertifisert. Sidan har det kome til mange bedrifter. Kommunen har som partnarskapskommune også æra av å dela ut miljøfyrtårndiplom og plakett til dei bedriftene som blir godkjente. Det skjer som regel ved ei markering på arbeidsplassen der ordførar er til stades.