Brith-Eline Øye er utdanna språklærar og har undervist norsk for vaksne for kommunen dei to siste åra.
Kven kan vera med?
Alle som har tatt introkurs i norsk, vert på kurs hos Brith-Eline før, lært litt sjølv eller kan litt tysk eller engelsk (slik at me lettare kan kommunisera) kan melda seg på. Ho er vant til å undervise mange nivå i ei gruppe. Er du usikker på om nivået er for høgt eller for lågt er det berre til å ta kontakt.
Fokus på kurset
Hovudfokuset vil vera å jobba med munnleg øving kombinert med norsk gramatikk. Du vil også få gode tips til korleis du kan læra og øva sjølv.
Bærbar PC, iPad, nettbrett eller liknande er anbefalt. Du treng ikkje å kjøpa lærebøker, men kan få rettleiing dersom du ønsker det.
Påmelding
Ta kontakt med Brith-Eline Øye på britheline@gmail.com eller tlf. 957 35 275 for påmelding eller spørsmål.
Meld deg gjerne inn i Facebook-gruppa «Vi som vil lære mer norsk - Hjelmeland/Strand».
Påmeldingsfrist er allerie onsdag 11. juni 2025. Begrensa antall plassar.
Kursa blir kun holdt ved minimum 6 påmeldte per kurs (dagtid og kveldstid).
Pris
Pris er 3 000 kroner per deltakar. Kommunen betaler 50 prosent for våre innbyggarar som melder seg på.
NB! 2 500,- per kurs dersom du er med på begge kursa dag og kveld. Denne rabatten gjeld ikkje dersom du allereie får støtte frå kommunen eller andre.