Endring i barnehageopptak

Etter vedtak i kommunestyret er barnehageopptaket endra frå eitt til to hovudopptak i Hjelmeland kommune. Det eine hovudopptaket har søknadsfrist 1. februar, og det andre 1. september.

Treng du plass i barnehagen til barnet ditt frå januar 2026, må du søke om plass innan 1. september.  

Søk barnehageplass.

Det er ikkje lenger løpande opptak utanom hovudopptaka. 

For meir informasjon om barnehageopptaket, sjå dei reviderte vedtektene for barnehagane.

For spørsmål kan du ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen eller oppvekstadministrasjonen i kommunen på telefon 51 75 00 00.