Det er eit sikkert vårteikn å treffa på ein landsmålar ein eller annan stad i landet som måler inn fastmerke i nabolaget, gangstien eller heilt utpå jordet. Det heiter “signalering” på fagspråket.
Dei kommande åra vil det bli eit endå vanlegare syn. Nye kvalitetskrav gjer nemleg mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.
Merka er kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken.
Vårteikn: Måling av fastmerke for flyfotografering
Pers oppmåling, Kartverket
Uventa gjester på besøk
Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og målingsspann i neven inn i hagen din? Ja, du kan det. Eig du ein veg eller anna eigna stad for «signalering» som det heiter på fagspråket når ein set opp fastmerke for å måla inn flyfoto, kan det henda du får gjester på eigedommen din.
Matrikkellova gir lovfesta rett til å plassera signal på privat og offentleg grunn. Du skal kunna rekna med at landsmålarane tek omsyn når dei jobbar.
Må ha fri sikt
Etter å ha funne flat og fast grunn og rydda bort forstyrrande vegetasjon, set landsmålaren i gang med å hamra inn ein passeleg spikar. Deretter er det frå med målarkost og kvitmåling. Spikaren skal signalerast og målast. Det blir måla ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt og landsmålaren måler inn fastmerket med utstyret sitt. Flyet skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Då er det klart for kartlegging.
Plasseringa av fastmerka er planlagd på førehand, men nokre tilpassingar må landsmålarane gjera i felt. Alle merka må plasserast der det er formålstenleg for kartlegginga.
La dei vera i fred
Det er svært viktig at fastmerka får vera i fred. Takk for at du ikkje dekkjer til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er ressursane i fellesskapet i arbeid. Me vil alle nyta godt av å ha oppdaterte kart når landsmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Oddny Haugland i Kartverket.
Vil du sjå huset ditt frå ovan, finn du dette på Noreg i bilete. Her kan du også bla deg gjennom ulike bilet-lag som viser flyfoto frå ulike tidsepokar.
Fastmerke
- Fastmerka er signalerte punkt som er nødvendige når me tek flyfoto av terrenget.
- Signaleringa består av kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell.
- Merka blir målte inn av landsmålarar.
- Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.
- Matrikkellova gir ein lovfesta rett til å plassera signal på privat og offentleg grunn.
Kartleggingsområde
Det er område i grønt som skal flyfotograferast i 2025
Kartverket