Kartlegge skuleveg før skulestart

Det er snart skule- og SFOstart. Trygg Trafikk oppfordrar skular og foreldre til å la barna kartlegge sin eigen skuleveg. 

“Det er lettere å huske ting vi har sett med egne øyne. Lærer barna å forstå trafikken, tar de bedre valg”, sier regionleder i Trygg Trafikk Rogaland, Elisabeth W Haaland.

Å ferdast som trygg trafikant er noko som må lærast. Me oppfordrar derfor til å øva på skulevegen samen med barn. Finn den tryggaste ruta til skulen, gå den saman, og snakk om trafikken. Lag enkle hugsereglar, for eksempel om kor ein skal stoppa opp, sjå og lytte før kryssing av veg. 

Barn har eit begrenset synsfelt, er impulsive og dei blir lett distrahert. Sidan dei også manglar trafikkforståing, er det ein god ting å gå saman med dei og læra dei å bli tryggare i trafikken.

Øvelse gjer meister, anten man går, syklar, kjørar buss eller bil

Snakk om kva som kan vera trygt og farleg å gjer i ulike situasjonar på veg til skulen, for å trena opp risikoforståinga og vurderingsevnen. Tid saman med litt frisk luft og rørsle før skuledagen startar, er gull verdt, seier regionleiar Elisabeth W. Haaland.

Bruk gjerne Trygg Trafikk si nettside når du øver på skulevegen. På nettsida deira finn du fleire fine praktiske tips og aktivitetar som kan brukas for å bli betre trafikantar. Trygg trafikk sender også ut skulestartshefter til alle 1. klassingar i ranselpost. 

Tips til å øve på skulevegen

  1. Gå skulevegen utan barnet i første omgang og kartlegg stader som kan vera kompliserte eller by på mulege farer. 
  2. Ta dokk god tid og gå fleire turar saman.
  3. Prat om det som skjer langs vegen og dei farene som kan oppstå.
  4. La barnet ta meir og meir styring etter kvart.
  5. Ha det hyggeleg saman!