Leiger du ut bustad?

Hausten 2025 vil det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustader i Hjelmeland kommune. Tilsynskampanjen er i regi av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyna lokalt. 

Utleigarar må måle radon

Alle som leiger ut bustad skal kunne dokumentere at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene. Dersom nivå er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjera tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernforskrifta og gjeld alle typar utleigebustader, både offentlege og private. Meir informasjon om regelverket finn du på heimesida til DSA. 

Korleis skal det førast tilsyn?

Det vil førast tilsyn med om utleigar har målt radon, om målinga er gjennomført etter måleprosedyra, og om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar. I tillegg vil det førast tilsyn med om leietaker er informert om radonnivåa i bustaden. 

Har du ennå ikkje målt i din utleigebustad?

Då har du moglegheita til å gjera det no i vinter. For at ei radonmåling skal kunne godkjennast, må den vere gjennomført etter DSA sin måleprosedyre. Radon skal målast i ein periode på minimum to månadar i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leietakar har også krav på å få dokumentasjon på radonnivåa. Ved spørsmål om korleis ei måling skal gjennomførast, sjå DSA sine nettsider.

Kvifor er det viktig å måle radon?

Å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoaukninga blir bestemt av kor lang tid du blir utsatt for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er vanlegaste årsak til lungekreft etter røyking og medverker årleg til rundt 400 lungekrefttilfeller i Noreg.

Kva er grensene for radon?

Jo lågare radonnivåa er, jo lågare er lungekreftrisikoen. Derfor bør radonnivåa alltid vera så låge som praktisk muleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du målar radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, for eksempel 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjera tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.

Mer informasjon om radon finn du på heimesida til DSA.