Me har to plassar til Menn i helse 2026 og søker no etter kandidatar i alderen 19-55 +. Helserekruttpraksis/sommarjobb/læreplassane er på Hjelmeland omsorgssenter og Årdal omsorgssenter.
Menn i helse er eit samarbeid mellom Nav, kommunane og fylkeskommunane. Det er eit to-årig opplæringsløp, med mål om fagbrev som helsefagarbeidar. Det blir arrangert eit informasjonsmøte i Stavanger i februar.
Lyst til å prøve noko nytt?
Har du lyst til å sjå om eit yrke som helsefagarbeidar kan vere noko for deg? Då er du velkommen til eit uforpliktande informasjonsmøte på møterom Eventyrskogen i kjellaren av bibliotekbygget måndag 17. november 2025 kl. 11:00.
To tidlegare deltakarar i Menn i helse vil vere med. Du får dermed mogleheit til å stille dei spørsmål om korleis utdanninsløpet har vert for dei.
Me serverer lunsj og kaffe/te.
Påmelding til nav.hjelmeland@nav.no
Publisert 07.11.2025 14.14
Sist endra 07.11.2025 14.19