Ny høyring - Detaljreguleringsplan Burmavegen - Hjelmeland

Areal- og forvaltningsutvalet har i sak 100/25 den 14.10.25 vedtatt at forslag til «Detaljreguleringsplan for Burmavegen, Hjelmeland» , skal leggjast ut til nytt offentleg ettersyn, i samsvar med  plan- og bygningslova § 12-10.

Planen gjeld oppgradering av infrastruktur langs heile Burmavegen, ca 1 km.  Planen var ute til høyring i 2024.  

Etter høyringa blei det lagt fram ei sak for formannskapet om omfang av planlagde tiltak og mogleg realisering med konsekvensar ift areal og kostnad.  Formannskapet vedtok i møte 19.03.2025 ein del reduksjonar . 

Mellom anna blei planlagd fortau langs heile vegstrekningen tatt ut, og strekning for oppgradering av veg, vann, avløp blei redusert nordover frå Burmavegen 53.  

Ei følgje av dette vil bli at omfang av planlagd ny bustadbygging nordover langs Burmavegen òg vil bli redusert, jf formannskapsvedtak mai 2025.

Administrasjonen bearbeida planforslaget i tråd med formannskapet sine vedtak, og gjekk gjennom innkomne merknader til første planforslag.  Planforslaget blei lagt fram for ny 1.gongsbehandling til Areal-og forvaltningsutvalet 14.10.25.

Planforslaget gir framleis rom for oppgradering av vegen, samt areal for overvann, vann, avløp, men altså i redusert omfang.

Merknader til planforslaget kan sendast til:

  •  postmottak@hjelmeland.kommune.no  
  • Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
  • digitalt skjema

Uttalefrist: 15. desember 2025.