Ny jordmor

Gladnyheit - me har fått ny jordmor på Hjelmeland! Else Christine Rodvelt er 32 år og bur på vakre Tjeltveit på Ombo. Christine er å treffe på Hjelmeland tysdagar og torsdagar. I tillegg til jobben hos oss, jobbar ho fast tredje kvar helg på fødeavdelinga på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Så kan me jo minne om at barnehage er gratis for alle med folkeregistrert adresse i Hjelmeland. Dersom du lurer på om du skal produsere nokre søte Hjelmelandsbuar🤰

Profilbilete av Christine Rodvelt tatt inne i ein bil med bilbelte på - Klikk for stort bilete

Me ynskjer ho velkommen til oss!