Pensjonist i Hjelmeland, Naturlegvis!
Du har kanskje høyrt snakk om kor viktig det er at alle tilrettelegg for å kunne bu heime lengst mogleg? I vinter starta me opp eit prosjekt for å sjå på om det er mogleg å samle døgntilbodet på eitt omsorgssenter, og gjere det andre bygget om til eit aldersvennleg bustadmiljø. Eit slikt bustadmiljø kan vera ein stad ein kan flytta til, dersom ein ser at huset ein bur i ikkje vil vera eigna når ein vert eldre og kanskje får nokre helseutfordringar.
Me vil sjå på fordeler og ulemper med ulike alternativ, slik at kommunestyret har eit godt faktagrunnlag når dei skal ta ei avgjerd i mai. Mange ulike kommunale einingar bidreg i prosjektet, saman med ei referansegruppe med innbyggjarar, og me tek gjerne i mot innspel frå andre interesserte også. Send det i tilfelle inn til postmottak@hjelmeland.kommune.no
Publisert 18.12.2024 15.40
Sist endra 18.12.2024 15.40