Storstilt kommunesamarbeid i helse
Hjelmeland kommune deltek i innkjøp av ny elektronisk pasientjournal til pleie- og omsorgstenesta. Innkjøpet blir leidd av Stavanger kommune, og er eit tett samarbeid med kommunane gjennom Digi Rogaland, der alle Rogalandskommunane samarbeider.
19 av Rogalandskommunane er med på fullmakt og fire er med på opsjon. Med på opsjon er også fem kommunar frå Søre Sunnmøre. Innkjøpet vil omfatta 550.000 innbyggarar. Dei fire Ryfylkekommunane gjennom IT-samarbeidet RITS er samla om dette innkjøpet.
Fornying i helse- og omsorgstenesta i kommunen
Elektronisk pasientjournal er lovpålagd i helsetenesta. Den nye løysinga skal erstatta dagens 20 år gamle journalløysing som blir brukt av omsorgstenesta.
Den nye journalløysinga skal brukast i heimebaserte tenester, på sjukeheim, i dagtilbod, bustader, avlastingstilbod, fysio- og ergoterapitenester.
Målet er at kontrakten med ny leverandør skal vera klar i løpet av året, og Stavanger blir den første av 19 Rogalandskommunar som startar med eit nytt journalsystem. Hjelmeland kommune planlegg overgang til nytt journalsystem i 2027.
Publisert 02.04.2025 14.27
Sist endra 08.04.2025 13.51