Treng din postkasse oppfrisking?
No har du sjansen til å få postkassen din akuratt slik du vil ha han. Ta han med til biblioteket den 1., 2. eller 3. juli frå klokka 10 og gje beskjed om korleis du vil motivet skal vera. Kunstnar Wiet Wildeman utfører arbeidet, som tek omtrent tre dagar. Du bestemmer sjølv pris og overskotet går til ferieaktivitetar for barn i Hjelmeland.
Tilbodet er eit samarbeid mellom kunstnar Wiet Wildeman, Hjelmeland Frivilligsentral og Ryfylkebilioteket Hjelmeland.
Publisert 21.06.2025 10.14
Sist endra 20.06.2025 15.15