Varsel om stolpe-/kabelsanering
Linjeproff AS har fått i oppdrag av Telenor Norge AS å gjennomføra sanering av stolpar og kabelstrekk i utvalde område i Hjelmeland kommune. I hovudsak vil arbeidet føregå langs hovudveg og linjestrekk i områda Nordskår, Skiftun, Staurland og Vormedal i Ryfylke. Arbeidet vil føregå frå mars og fram til sommaren 2025.
Merk at det kun er stolpar og kabelstrekk som er frigitt for sanering som inngår i arbeidet. Stolpar med strømførande kablar er eigd av strømselskapet. I disse traseane er det kun Telenor sin kobbarkabel som skal fjernast. Det same gjeld stolpar der det er, eller er planlagt montering av fiberkabel.
Arbeidet med sanering av kobbarnettet vil førgå over fleire år, og er til dels styrt i henhald til vedtak fra NKOM (Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet).
Telenor
Arbeid på privat grunn
Linjeproff AS varslar med dette at delar av arbeidet vil føregå på privat grunn. Privat utstyr som antenner/utebelysning og anna i stolpar er ikkje tillat. Slikt utstyr må fjernast før arbeidet blir satt i gang.
Det er ikkje høve til å overdra stolpane etter sanering. Dette fordi stolpane inneheld miljøgifter, og Telenor må forholde seg til krav frå myndigheitene om forsvarleg destruering av desse stolpane.
Kontakt
For meir informasjon ta kontakt med Linjeproff AS.
- Jørn-Bjarne Johansen tlf. 905 81 929
- Ronny Østli tlf. 909 97 114
- E-post: sanering@linjeproff.no
Publisert 20.02.2025 14.52
Sist endra 20.02.2025 14.57