Vidare arbeid med kommuneplanar

Kommunedelplan byggeråstoff er beslutta utsett til hausten og ein tek no sikte på politisk behandling i formannskap og kommunestyre i september 2025. Alle dei innkomne merknadane vil følge saka til politisk behandling. 

Saksframlegg med tilråding blir lagt ut på nett nokre dagar før møtedato. Her kan du sjå møteplanen.

Les meir om arbeidet med kommunedelplan byggeråstoff.

Kommunedelplan naturmangfald

Planen skal gi nokre svar på kva me har og kva me skal prioritere å kartlegge framover - og den skal gi føringar for korleis me skal forhalde oss til naturverdiane i samfunnsutviklinga framover.

Me har eit planforslag som er klar for politisk behandling no i juni. 

Møteplanen ser slik ut: 

  • 3. juni - møte i areal- og forvaltningsutvalet
  • 4. juni - møte i formannskapet
  • 12. juni - møte i kommunestyret

Sjå planforslaget.

Når planforslaget er vedtatt av kommunestyret 12. juni, blir det lagt ut til høyring i sommar slik at du og kan meine noko om det. Me vil kunngjere særskild når høyringsrunden startar og kva høyringsfristen blir. 

Me tek sikte på endeleg behandling i kommunestyret i september eller oktober 2025. 

Les meir om arbeidet med naturmangfald.