Me er så heldige å kunna dela ut læringsbrett til alle elevane i Hjelmelandskulen. I tilknyting til utdeling av læringsbrett har me dette regelverket som fortel noko om korleis elevane kan bruka læringsbrettet på best mogleg måte. Med rammer og moglegheiter.
Føresette og elev må saman gå gjennom reglane og stadfeste at dei godtek desse.
Har du spørsmål til reglane for lån og bruk av læringsbrett i skulen, så kan du kontakte kommunalsjef Oppvekst, Håvard Østhus, tlf: 404 39 170.