Presentasjon av Ordføraren

Bilete av ordførar Bjørn Laugaland - Klikk for stort bilete Fotograf Bjørkhaug

Bjørn Laugaland er ordførar i Hjelmeland kommune og han representerer Senterpartiet.

Han vil vera å treffa på kontoret når han er ledig. Vil du vera heilt sikker på å treffa han, ta gjerne kontakt med kundesenter eller ordføraren på førehand.

Telefon: 404 39 010

E-post til kommunen.
Besøks- og postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

 

Publisert av Siri Janne Kyrkjeeide. Sist endra 12.09.2016

Bjørn Laugaland er gift med Aud Meling og saman har dei tre vaksne born.
 

Verv:
Han har vore med i kommunestyret i to periodar, frå 1995 til 2003 og frå 2007 til dags dato.
I perioden 2003 - 2007 var han med i kontrollutvalet.
Medlem i areal- og forvaltningsutvalet (AFU) frå 1995 til 2003, og var leiar i dette utvalet frå 1999 til 2003.
Han har vore medlem i formannskapet frå 2007 til dags dato.
I tillegg har han hatt ei lang rekkje tillitsverv i offentlege utval/styre, privat næringsliv og frivillige organisasjonar.

Ordførar 2007 – 2011 og i inneverande periode.
 

Yrkeserfaring:
Er sauebonde på Nesland i lag med kona.
Har vore sjølvstendig næringsdrivande innafor bygg/anlegg frå 1980 til midten på nittitalet der denne verksemda gradvis vart trappa ned fram til 2005 og er no ei «sovande» verksemd.
Har vore ambulansearbeidar i Ryfylke frå 1996 til 2003.
Har arbeidd hjå Br Jørmeland AS, Randøy Stein AS, Norsk stein AS og Norstone AS.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500