Om kulturskulen

Om kulturskulen

Hjelmeland kulturskule underviser desentralisert, på Hjelmeland, i Årdal og på Fister. Me tilbyr undervisning i musikk og dans. Sjå undervisningstilboda våre for nærare informasjon. Under finn du informasjonsfilmar om det å gå i kulturskulen, samt generell elevinformasjon.

Me vil at du skal trivast hos oss og læra mykje. Det krev òg at du er med å bidrar med innsats og godt humør. Me har nokre forventningar til deg som elev hos oss. 

Informasjonsfilmar om kulturskulen

Ny kortfilm om kulturskulen

Oppdag kulturskolen

Discover kulturskolen (with Ukrainian subtitles)

Kulturskolen (på fleire språk)

Øving

Læraren fortel deg kvifor og kor mykje du må øva. Me ventar at du øver regelmessig og kjem førebudd til time. Dine føresette må hjelpa deg med å få til gode øverutinar.

Notar

Læraren fortel deg kva notar du skal bruka. Desse må du betala sjølv.

Frammøte

Ver ute i god tid. Ved fråvær skal læraren eller rektor ha melding.

Oppdatert informasjon

Gå inn på elevportalen og oppdater e-postadresse og mobilnummer. Meldingar blir sendt via e-post eller SMS. Det er difor viktig at vi har rett kontaktinformasjon.

Kontakt

Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss, om det er noko de lurer på. Dei fleste spørsmål vedrørande undervisning og timeplan kan læraren svara best på. For andre førespurnadar, eller berre for ein prat, er de velkomne til å ta kontakt med rektor.

Hans Widerøe
Rektor kulturskulen
E-post
Telefon 40 43 91 65