Ved oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit eige matrikkelnummer (gnr/bnr). Den nye eigedomen vert så ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet.
Dette gjeld og for oppretting av festetomter eller punktfeste.
Publisert 22.05.2018 11.22
Sist endra 18.12.2025 11.42
For å få delt frå ny grunneigedom må du søke om delingsløyve etter plan- og bygningslova § 20-1 og eventuelt jordlova § 12.
Delinga må vere i samsvar med kommune-/reguleringsplan. Dersom det ikkje er tilfelle må du søke om dispensasjon.
Er opprettinga av eigedomen i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må det og leggast ved eit følgebrev der du søker om dispensasjon frå gjeldande plan.
Dispensasjonssøknaden må vere grunngitt med dei argumenta søkjaren meiner er viktige og den må nabovarslast.
Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Du må betale for
- oppmålingsgebyr
- tinglysingsgebyr
- saksbehandlingsgebyr (etter plan- og bygningslova § 20-1)
- ev. dispensasjonsgebyr (etter plan- og bygningslove §19-2)
- ev. saksbehandlingsgebyr for behandling etter jordlova
Sjå gebyrsatsane.
Vedtaket etter plan og bygningslova og den påfølgande matrikkelføringa kan klagast på.
Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek underretning om vedtaket eller matrikkelføring.
Klageorganet er Statsforvaltaren i Rogaland. Klagen skal likevel først sendast til oss i Hjelmeland kommune som kan endre vedtaket som følge av klaga eller sende klaga vidare til klageorganet for avgjerd.