Tilleggsareal til eksisterande eigedom

Ønskjer du å utvida ein eksisterande eigedom, kan dette gjerast anten som ei grensejustering eller som ei arealoverføring. Det som avgjer kva alternativ som kan nyttast er storleiken på arealet som skal justerast, verdien av justert areal og reguleringsføremål på staden. I begge tilfella må tilleggsarealet vere i samsvar med kommuneplan/reguleringsføremål. Dersom så ikkje er tilfelle må ein i tilfelle søke om dispensasjon frå føremålet.

Tillegsareal til eksisterande eigedom

Kva er grensejustering?
  • grensejustering blir nytta for mindre areal
  • krav at arealet som skal justerast ikkje overstig 5% av arealet til den minste av dei to involverte eigedomane, med ei maks grense på 500m²
  • ved arealbyte mellom to eigedomar er grensa på 20%, men netto justert areal må likevel vera innanfor 5%
  • grensejustering er ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1
Kva er arealoverføring?
  • arealoverføring blir nytta dersom arealet som skal justerast ikkje fell inn under kriteria for grensejustering
  • søknadspliktig på lik linje med oppretting av ny grunneigedom
  • må søkast om delingsløyve etter plan- og bygningslova § 20-1 eller eventuelt jordlova § 12
Kven kan søke?
  • den som har grunnboksheimel/er eigar av eigedomen
  • festar av eigedomen
  • kommune
  • fylkeskommune
  • stat
  • andre som har fullmakt frå ein av desse
Slik søker du

Grensejustering

Arealoverføring

Kor skal søknaden sendast?

Hjelmeland kommune
vågavegen 116
4130 Hjelmeland

eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no

Kva kostar det?
Klage

Matrikkelføring av klarlagt grense kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf. §46 i matrikkellova.