Besøksheim

Besøksheim

Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim. Å vera besøksheim handlar om å ta imot barn/ungdom éin eller fleire helger per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim hos sine biologiske foreldre.

Kva krav stillast til ein besøksheim?

Det stillast ingen krav om utdanning for å bli besøksheim. Det vert lagt størst vekt på om du er personleg skikka til oppgåva. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne barn.

Det er krav om utvida politiattest.

Ønsker du å være besøksheim?

Ta kontakt med barnevernleiar per telefon eller epost.