Opphaldstyper ved omsorgssenter
Me skiller mellom kortidsopphald og langtidsopphald.
Korttidsopphald
Eit korttidsopphald ved eit omsorgssenter er tidsbegrensa, og kan vare frå éin dag til fleire veker. Tilbodet kan være rullerande, det vil seia at du i enkelte periodar oppheld deg på korttidsavdelinga, men bur heime.
Oversikt over ulike typar korttidsopphald
- Ordinært korttidsopphald
- Målet med opphaldet er å gje betre moglegheit til å fortsetje å bu heime, ved å vedlikehalde og oppretthalde funksjonar som har betydning i kvardagen.
- Rehabilitering
- Målet med opphaldet er å få betre livssituasjon og eigenmestring for å gje deg moglegheita til å fortsatt bu heime.
- Avlastning for pårørande
- Avlastning der pårørande har store omsorgsoppgåver for personar dei bur saman med. Målet er å hindre overbelastning for den pårørande, slik at det fortsatt er mogleg for den eldre å bu heime. Opphaldet kan variere i lengde og etter individuelt behov.
Kven kan få eit korttidsopphald ved eit omsorgsenter?
Du kan få denne type opphald ved eit omsorgsenter når andre, alternative tenester er vurdert og/eller prøvd ut.
Kva omssorgsenter har tilbod om korttidsopphald?
I kommunen er det Hjelmeland omssorgssenter som har rehabiliterande, behandlende/utredende, avlastende, rullerende og lindrende korttidsopphold.
Kva kostar korttidsopphald?
Langtidsopphald
Eit langtidsopphald er permanent, med oppfølging og tilsyn heile døgnet.
Langtidsbebuerar på ein sjukeheim får ivaretatt sitt behov for pleie og omsorg, medisinsk oppfølging og behandling, samt individuelt tilpassa aktivitetar.
Kven kan få langtidsopphald?
Personar som er varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv og ikkje lenger kan meistra daglege gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.
Kva sjukeheimar tilbyr langtidsopphald?
Årdal omsorgssenter har somatiskavdeling og demensavdeling.
Kva kostar langtidsopphaldet?
Søknad om plass
Søk om plass ved omsorgssenter (PDF, 351 kB)
Publisert 04.05.2018 10.28
Sist endra 10.01.2023 09.06