Fritidskortet gir gratis inngang på ei rekke arrangement og aktivitetar. Det gjer også gratis medlemsskap hos eit par aktørar.
Publisert 04.06.2018 09.59
Sist endra 14.06.2022 11.56
Kortet gjer gratis inngang på
- Kommunen sine arrangement
- Familiebading
- Ryfest
- Hjelmeland bygdekino
- Full Fart aktivitetsveke
- Framsyningar med Hjelmeland teater
- Rabatt på medlemskontingent i Hjelmeland teater
- Medlemsskap i Hjelmeland IL
- Familietur til Kongeparken
- Fri eigenandel ved bruk av ungdomstaxi
Kven kan få fritidskortet?
- barn og unge mellom 0-18 år
Fritidskortet er for dei som av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å nytte seg av fritidsaktivitetar. Gjennom denne ordninga håpar ein på auka deltaking i aktivitetar på fritida.
Dokumentasjon
- legg med skattemelding (for begge føresette om de bur saman)
- anna dokumentasjon du meiner er relevant for saka
Kor lenge varer fritidskortet?
- gyldig i 1 år, frå 1. juli til 1. juli
- kortet er personleg
- kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte eigaren
Korleis søke?
Fyll ut elektronisk søknadsskjema.
Kortet er eit samarbeid mellom Hjelmeland kommune, NAV Hjelmeland, Hjelmeland Teater, Hjelmeland Røde Kors, Hjelmeland idrettslag, Årdal bygdaråd og Fister Sanitetsforening.